Kontakt oss
post@energihotellet.no
(+47) 51 20 05 55
Øvre Kilen 1
4244 Nesflaten i Suldal
Reise hit
-
Energihotellet ligg i Øvre Kilen 1 på Nesflaten – midt mellom fjord, fjell og fossar i vakre Suldal.
Frå Haugesund: Om lag 2,5 timar med bil via E134 til Røldal, og vidare langs RV13 til Nesflaten.
Frå Stavanger: Rundt 3 timar via RV13 gjennom vakker natur og over fjellovergangar med storslått utsikt.
Frå Bergen: Om lag 4 timar via Norheimsund – eller ta den meir opplevingsrike vegen langs Oppdagelsesruten, via E16 og RV13 langs Hardangerfjorden.
Frå Oslo: Rekn ca. 5 timar via E134 over Haukeli og vidare til Røldal, før du svingar inn på RV13 mot Nesflaten.Uansett kvar du kjem frå, er reisa hit ei oppleving i seg sjølv – med fjell, vatn og ro langs vegen.
-
For oversikt over rute og kjøretid, kan du åpne posisjonen vår i Google Maps. Klikk for veibeskrivelse
-
Det er også mogleg å reise til Nesflaten med kollektivtransport – ei reise som tek deg gjennom noko av det vakraste landskapet Vestlandet har å by på.
Frå Stavanger:
Du kan ta hurtigbåten til Sand og vidare med buss til Nesflaten. Hugs å sjekke rutetidene slik at båt og buss korresponderer. Nokre av bussrutene er bestillingsruter, så det kan vere lurt å reservere på førehand.Frå Oslo eller Bergen:
Haukeliekspressen går til Røldal, og på enkelte avgangar kan du ta buss vidare til Nesflaten. Alternativt kan du bestille taxi frå Røldal Taxi for den siste etappen.
Nyttige lenker:

